Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
- Mastergrad med 60 studiepoeng fordjuping i eit relevant undervisingsfag, eller
- Bachelorgrad i utøvande eller skapande kunstfag, i finansieringskategori A eller B, med minst 180 studiepoeng i kunstfaget, eller
- Bachelorgrad i tegnspråk og tolkning, med minst 80 stp i tegnspråk og karaktersnitt på minst C (30 karakterpoeng), eller
- Bachelorgrad med 60 studiepoeng fordjuping i eit undervisingsfag, og minst to år (tilsvarande fulltid) relevant erfaring som lærar i grunnskulen eller vidaregåande opplæring, eller
- Bachelorgrad i praktisk-estetiske fag som oppfyller følgande krav:
-
- Graden består utelukkande av praktisk-estetiske fag
- Graden inneheld opptil tre fag som gir kompetanse til å undervise i praktisk-estetiske fag i grunnskulen. Eitt av faga kan erstattast med drama-/teaterfag.
- Det inngår minst 120 studiepoeng i eitt fag. Øvrige fag om ha eit omfang på minst 30 studiepoeng.
- Karaktersnitt på minst C (30 karakterpoeng)
Fjerde og femte punkt er ei overangsordning som gjeld fram til våren 2030.
Din faglege fordjuping må vere relevant for fagprofilen du søker opptak til.
Tilleggskrav
Dette kravet skal du ikkje dokumentere i søknaden din, men du må sende det inn viss du får studieplass.
Poenggrense ved forrige opptak
-
Alle kvalifiserte
Om å søke opptak til HVL
Kvifor ta PPU?
Behovet for lærarar er stort. Denne utdanninga gjer deg kvalifisert til eit sikkert yrke med god startløn. Som lærar får du ein meningsfylt, variert og sosial arbeidskvardag der du kan bruke mange sider ved deg sjølv. Du får moglegheit til å fordjupe deg i spanande fagområder og ein fleksibel jobb med gode ferieordningar.
Studiet består av 30 studiepoeng pedagogikk og 30 studiepoeng fagdidaktikk. Desse er fordelt likt i to emne:
- Leiing av læreprosessar
- Skulen i samfunnet
Dette heiltidstudiet er lagt til campus Sogndal. Vil du heller ta studiet på deltid, kan du ta studiet på Stord hausten 2025. Sogndal har opptak til deltidsstudiet partallsår. Les meir om deltidsutdanninga her. .
Vi tilbyr fleire fagprofilar
Du kan ta følgjande fagprofiler på heiltid:
- Matematikk
- Naturfag
- Framandspråk
- Norsk
- Kroppsøving og idrettsfag
- Musikk/dans/drama
- Religion
- Kunst og handverk
- Mat og helse
Dersom det ikkje blir nok søkarar innan profilen, blir ikkje studiet starta opp.
Studieprogrammet følgjer dei læringsutbytta som til ei kvar tid er gjeldande i rammeplan og nasjonale retningslinjer. Nærmare omtale av studiet og progresjon ligg i emneplanane til studiet.
Kva kan du jobbe med?
Utdanninga gir undervisningskompetanse frå 5. trinn i grunnskule, vidaregåande skule, vaksenopplæring og høgskule, avhengig av kva fag og fagkompetanse du har i botn.
Praksis
Praksisopplæringa har eit omfang på 60 heile arbeidsdagar Du tileignar deg praktisk erfaring med læringsteoriar og pedagogiske fenomen som blir tatt opp i dei to teoretiske emna i studiet.
Praksisopplæringa består av alle dei aktivitetane som inngår i arbeidskvardagen til ein lærar, og blir omtalt i emneplanane for praksis. Praksis skal vere rettleia, og du vil få praksisbesøk der både praksisrettleiar og lærar frå HVL deltar.
Her finner du informasjon om praksis og praksisperiodar.
Vanlige spørsmål og svar
Må undervisingsfaget vere ein del av graden min?
Det er ikkje krav om at undervisingsfaget du søker opptak til inngår i sjølve graden din. Du kan eksempelvis ha master i nordisk, og eit årsstudium i samfunnsfag, og så ta PPU i samfunnsfag.
Kan eg undervise i fleire fag?
Etter fullført PPU-A har du undervisingskompetanse frå 5. trinn og oppover. Då er hovudregelen at du må ha 60 stp innan fagområdet du vil undervise i. Det er arbeidsgjevar som vurderer denne kompetansen. Sjå UDIR for meir informasjon om lærarkompetanse.
Kan eg ta PPU i fleire undervisningfag?
Ved HVL kan du kun få opptak til ein didaktisk profil. Dersom du er kvalifisert for fleire undervisingsfag, må du sjølv prioritere kva du helst vil søke på.
Kor lenge kan eg kvalifisere utan mastergrad?
Overgangsordninga som gjer det mogleg å kvalifisere for PPU utan mastergrad (punkt 4. og 5. i opptakskrava) er utvida til våren 2030. For opptak til hausten 2030 må du etter planen ha mastergrad.
Spørsmål om søknadsprosess og opptakskrav
Har du spørsmål om opptakskrav, poengutrekning, dokumentasjon eller utdanning frå utlandet, finn du svar på denne sida: