Learning about teaching argumentation for critical mathematics education in multilingual classrooms (LATACME)
Prosjekteigar
Høgskulen på Vestlandet
Prosjektperiode
Januar 2018 - Desember 2022
Finansieringskjelder
Noregs forskingsråd
Totalbudsjett
11920000 NOK
Prosjektsamandrag
Prosjektet undersøker lærarstudentar si læring i to obligatoriske matematikkurs i grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn. Det overordna faglege fokuset er på Argumentasjon og Kritisk Matematikk Undervisning (AKM) i fleirspråklege klasserom. Målet er å få innsikt i kva som fremmar og hemmar lærarstudentar i å læra om å undervisa i AKM for elevar i fleirspråklege klasserom på barnetrinnet. Prosjektet er delt inn i tre underprosjekt: argumentasjon og språkleg mangfald, argumentasjon og matematisk modellering og argumentasjon og IKT. Denne tredelinga gjer det mogeleg å undersøka korleis lærarstudentar møter utfordringar i tre ulike kontekstar når dei skal undervisa elevar i AKM.
Fleirspråklege klasserom legg til unik rette for at lærarstudentar kan identifisera og bruka ressursar elevar tek med seg inn i matematikkundervisninga. Matematisk modellering krev at lærarstudentar kombinerer innhald og didaktikk når dei planlegg og gjennomfører undervising. IKT krev at lærarstudentar tek stilling til korleis digitale læremiddel kan støtta elevar si utvikling av kritisk-matematisk argumentasjon.
Dei tre underprosjekta går parallelt dei fire åra prosjektet varar. Forskingsmetoden baserer seg på samarbeidsforsking mellom lærarutdannarar, lærarstudentar, lærarar og elevar. Ein vil arbeida for å forbetra lærarstudentar si læring gjennom å planlegga, handla og observera i fleire syklar. Desse prosessane skal dokumenterast og analyserast. Resultata vil så kombinerast for å gje å ei omfattande oversikt over faktorar som påverkar lærarstudentar si læring om å undervisa i AKM. Forventa utbytte vil vere knytt til utvikling av teori og praktisk undervisningsrelatert kunnskap