Studierettettleiing lærarutdanning, kultur og idrett

Studierettleiarane våre kan hjelpe deg med spørsmål om opptak, studium, utdanningsplanar, eksamen, utveksling og annan rettleiing i løpet av studietida.

Du kan óg få hjelp med innpassing av utdanning frå andre utdanningsinstitusjonar, gradsoppnåing og vitnemål.

Slik kontaktar du oss

Nedanfor finn du kontaktinformasjon til studierettleiarane på dei ulike studiestadane. Har du spørsmål om praksis finn du kontaktinformasjon knytt til dei ulike utdanningane via FLKI si nettside om praksis.

Få rettleiing på din campus

Campus Bergen

Vi er her for deg! Du som student kan bestille tid for studierettleiing eller ta kontakt på e-post. Vi tilbyr både fysisk rettleiing ved studiestarten 2021. I tråd med gjeldande smittevernsreglar må alle halde ein meters avstand ved fysisk rettleiing. 

Bestill time

Ta gjerne kontakt på e-post om du har spørsmål om til dømes utdanningsplan, eksamen, fagval og StudentWeb. Det er mange ting våre dyktige studierettleiarar og tilsette i praksisadministrasjonen kan løyse via e-post.

Du får raskt svar ved å send ein e-post til FLKI-studierettleiar-bergen@hvl.no.

Samtale kan du bestille til desse tidspunkta:

Barnehagelærerutdanning og master i barnehagekunnskap:

  • Tysdag kl. 13.00-15.00
  • Torsdag k. 13.00-15.00

Grunnskulelærarutdanning 1-7.trinn:

  • Tysdag kl. 11.00-12.00
  • Onsdag kl. 12.00-13.00

Grunnskulelærarutdanning 5-10.trinn og PPU:

  • Tysdag kl. 12.00-13.00
  • Onsdag kl. 13.00-14.00

Faglærar kroppsøving og idrettsfag, folkehelsearbeid, kunstfag og master:

  • Måndag kl. 13.00-14.00
  • Torsdag kl. 12.00-13.00

Vi er her for deg!

 
Studentrådgivinga i Bergen

Campus Stord

Må eg bestille time, eller kan eg banke på?

For at studierettleiarane våre skal kunne jobbe effektivt, er det alltid ein fordel at dei veit at du kjem. Difor er det fint om du kan bestille time i Servicetorget. Du kan òg sende e-post direkte til din studierettleiar.

Campus Sogndal

Kva vil du vite meir om?