
Praksis for helse- og sosialfag
Praksistida er ein spennande og viktig læringsarena for deg som student, som du bør førebu deg godt på. Du kan sjølv gjere mykje for å få ein god praksisperiode.
Det er viktig at du er tidleg ute med å lese tilgjengeleg informasjon om praksis for utdanninga du tar, og førebur deg på korleis det er å vere student i praksistida.
Informasjon som gjeld utdanninga di
Under finn du viktig informasjon for dei enkelte utdanningane.
For deg som er student på bachelornivå
For deg som er student på masternivå eller vidareutdanning
Praksis på masternivå eller vidareutdanning
Felles informasjon for alle som skal ut i praksis
Før du går ut i praksis
Tildeling av praksisplass
Du får informasjon om kva for praksisplass du har fått tildelt via Studentweb, fortrinnsvis ein månad før praksis startar. Ved nokre studier får studentane informasjon om tildelingen via Canvas. Ved meldingar til og frå praksisadministrasjonen nyttast student e-post. Du har ansvar for å følgje med på informasjon som kjem på e-post.
HVL har avtalar med faste praksistilbydarar, som helseforetak, kommunar, NAV m.fl. Praksisplassane er geografisk fordelt mellom ulike utdanningar og campusar. Det er HVL som fordeler praksisplassar til studentane, og ser til at samansetninga av praksis for kvar student gjer det mogleg å oppfylle krava til læringsutbytte. Du har ikkje høve til å bytte praksisplass, men må ta praksisplassen du har fått tildelt. Det er ikkje klagerett på tildeling av praksisplass.
Du kan ikkje ha personlege erfaringar eller forhold knytt til praksisplassen, og er sjølv ansvarleg for å informere høgskulen dersom det er plassar du ikkje kan ha praksis.
- Du kan ikkje vere i praksis ein stad du har jobba, eller har ein nær relasjon.
- Du kan ikkje ha lønna arbeid eller ta vakter på praksisplassen i praksisperioden.
Ved innvilga tilrettelegging av praksis på særskilt stad ved spesielle behov, får du tildelt praksisplass nær campusen du har studierett ved. Internasjonale studenter vil primært få campusnære praksisplasser.
Må du flytte bort frå campus i praksisperioden, kan du søke om å få dekka bu- og reiseutgifter etter fastsatte satser.
Praksisperiodar 2025-2026
Her finn du informasjon om tida som er satt av til praksisperiodar i studieåret.
Bu- og reiseutgifter
Høgskulen har reglement for refusjon av bu- og reiseutgifter og demositumsgaranti knytt til praksis.
Mange av våre utdanningar har praksis over eit stort geografisk område. Du må sjølv må finne bustad dersom du må flytte i praksis.
Høgskulen dekker ikkje reiser i praksis som til dømes heimebesøk, eller evt. kursavgifter dersom praksisplassen gir tilbod om å delta på kurs i løpet av praksistida.
Politiattest
Nokon praksisplassar kan kreve at du legg fram ny politiattest i samband med praksisstart. Dette vil du få informasjon om direkte frå praksisstaden. Dei vil då også gje deg nødvendig dokumentasjon for å søke ny politiattest. Ofte vil dette gjelde plassar innen barnevern og kriminalomsorg.
Vaksinasjon og medisinsk testing
Når du skal ut i praksis eller ha klinisk undervisning, kan du risikere å bli utsett for smitte. Du kan også risikere å smitte andre. Du er sjølv ansvarleg for å få tatt dei tilrådde vaksinane og medisinske testane.
Behov for tilrettelegging, gravid eller deltek i LAR
Søke om tilrettelegging
Har du behov for særleg tilrettelegging i praksis på grunn av til dømes funksjonsnedsetting, sjukdom, graviditet eller amming, eller spesielle behov som gjer at du ønsker praksis på særskild stad? Ver merksam på at du ikkje er garantert tilrettelegging. Mellom anna vil tilgjengelege praksisplassar på studiet ditt eller i klassen din og faglege omsyn vere styrande for kva som er mogeleg å få til.
Les om tilrettelegging av praksis og korleis du kan søke om tilrettelegging.
Om du er gravid
Nokre praksisplassar har restriksjonar knytt til å ta imot studentar som er gravide eller har tilretteleggingsbehov grunna tryggleiksomsyn. Det er difor viktig at du har dialog med emneansvarleg dersom dette er ei problemstilling.
Om du deltek i LAR
Studentar som kjem inn under helsepersonellova og som deltek i legemiddelassistert rehabilitering (LAR), pliktar å opplyse om dette til praksisstaden når dei får tilbod om praksisplass (Det inkluderer også hospitering og observasjonspraksis).
Dette følgjer av lova av 2. juli 1999 om helsepersonell mv. (helsepersonellova) kapittel 2, § 8 første og andre ledd:
"Helsepersonell skal ikke innta eller være påvirket av alkohol eller andre rusmidler i arbeidstiden.
Legemidler som er nødvendige på grunn av sykdom, regnes ikke som rusmidler etter første ledd. Helsepersonell som inntar slike legemidler, skal snarest orientere sin arbeidsgiver om dette."
Nemninga «legemidler som er nødvendige på grunn av sykdom» omfattar blant anna legemidlar som vert brukt i samband med LAR.
Vi anbefalar også at studenten informerer emneansvarleg ved høgskulen for dialog kring eventuelle utfordringar og behov som behandlinga kan føre med seg i praksisperioden.
IKT-tilgangar, e-læring og informasjon
Alle studentar må sette seg inn i kva ein må gjere i forkant av praksis. Dersom du ikkje gjennomfører t.d. e-læringskurs innan fristen, kan det bety at du ikkje får gå ut i praksis.
HVL har praksisplassar hos fleire samarbeidspartnarar, hovedsakeleg på Vestlandet. Dei fleste samarbeidspartnarane har nettsider med ulik informasjon som kan være nyttig å sjekke ut før oppstart. Nokon har også eigne nettsidar for studentar som skal ha praksis hos dei.
Praksis i helseforetak
Før du skal ut i praksis i helseforetaka, blir du bedt om å ta fleire e-læringskurs via Læringsportalen. Du får ein påminning frå HVL via Canvas eller student-e-posten i god tid før praksisperiodane startar. Etter at du har gjennomført dei obligatoriske kursa, må du registrere deg i Webcruiter. Du vil få tilsendt informasjon om korleis du gjer dette. Du må ha registrert deg for å få tilgang til IT-system og pasientjournalsystem på praksisplassen.
Her finn du informasjon om IKT-tilgangar i praksis.
Sjå også helseforetaka sine nettsider:
Her finn du ei samling av digitale læringsressursar for deg som skal ut i praksis i helse- og sosialfag.
Digitale læringsressursar for:
Studentar i Bergen skal delta på TVEPS
For alle bachelorutdanningane i Bergen, med unntak av radiografi, er deltaking i TVEPS ein obligatorisk del av praksis. TVEPS er eit samarbeid mellom UiB, HVL, Bergen kommune og Øygarden kommune. Målet med TVEPS praksis er å legge til rette for at studentene tilegner seg tverrprofesjonell kompetanse.
Personvern og teieplikt
Skal du ut i praksis, er det viktig at du har kontroll på korleis du skal ivareta personvern gjennom heile praksisopphaldet.
Teieplikterklæring
Før du startar i praksis første studieår, må du skrive under på ei teieplikterklæring. Du signerer teieplikterklæringa når du godkjenner utdanningsplanen din i Studentweb.
Det er viktig at du set deg godt inn i reglane for teieplikt. Ver merksam på at du ikkje kan legge ut informasjon eller dele bilder som omhandlar praksisplassen eller aktivitetar knytt til denne på private eller offentlege sosiale medier eller annan kommunikasjon som kan føre til brot på tausheitsplikta.
Datahandteringsplan
Du må lage ein datahandteringsplan saman med praksislærar eller annan relevant rettleiar.
Samtykkeskjema
Signerer du samtykkeskjema på praksisplassen, må du se til at dette blir lasta opp og lagra hos HVL.
Personopplysninger i oppgåver
Dersom du som student skal nytte personopplysningar om tenestemottakarar i skriftlege oppgåver knytt til praksis, må du innhente skriftleg samtykke av pasient/brukar sjølv. Om dette ikkje er mogeleg skal andre nærpersonar samtykke. Dette kan vere verje eller næraste pårørande. Du må bruke samtykkeskjema frå høgskulen, og alle person- og stadnamn skal anonymiserast. Dersom gyldig samtykke ikkje føreligg eller blir trekt tilbake, må det vere dialog mellom student/praksisplass/praksislærar om å løyse dette.
Meir om personvern
Her finn du meir informasjon om personvern.
Lurer du på noko, kan du spørre praksislæraren din eller kontakte personvernombodet ved HVL på e-post personvernombod@hvl.no.
Arbeidstid, turnus og raude dagar
Som houvdregel skal du følge arbeidstiden til praksisrettleiaren din. Nokon studentar vil ha vaktar på dagtid, andre turnus, langvakter eller medleverturnus (heildøgnturnus). I nokre studiar kan nattevakter vere obligatorisk. Normalt avtaler du turnus ved praksisstart med praksisrettleiar og praksislærar.
Du er ikkje i praksis på offentlege helligdagar. Merk at søndag ikkje reknes som offentleg helligdag.
Lengda på praksisperioden er definert i studieplanen. Fråvær på meir enn 10 % vil føre til at praksisperioda ikkje blir godkjend. Avsett tid til sjølvstudium skal tilpassast arbeidsrutinar på praksisstaden, og er noko student og rettleiar blir einige om.
Sett deg også inn i krav til oppmøte i praksis.
Arbeidstøy, hygiene og mobilbruk
Det vert stilt særskilte krav både til bruk av arbeidstøy og til hygiene når du er student i praksis. Som hovudregel skal privat mobil ikkje nyttas i arbeidstida.
Gjer deg kjent med krava til arbeidstøy, hygiene og mobilbruk.
Legemiddelhandtering
Studentar som tek sjukepleie, vernepleie eller radiografi får opplæring i legemiddelhandtering for studentar i praksis.
Når du er i praksis
Krav til oppmøte
Du må møte til obligatorisk praksis for at studiet ditt skal bli godkjent. Når krava til oppmøte ikkje er oppfylt, blir praksisen vurdert til ikkje bestått.
Krav om oppmøte går fram av studieplanen eller emneplanen din. Du finn også nærare informasjon knytt til fråvær på praksisnettsidane for dei einskilde utdanningane.
Her kan du lese om reglar for fråvær og krav til dokumentasjon.
Ver aktiv og engasjert
Det er forventa at du viser engasjement og er ein aktiv deltakar i arbeidsmiljøet på praksisplassen. Vi oppmodar deg om å oppsøke læresituasjonar og å stille spørsmål og søkje rettleiing. Førebu deg til rettleiingstida på praksisplassen, og til dei ulike rettleiingane og møtepunkta med høgskulen.
Skikkavurdering
Lærar, praksislærar, rettleiar og andre som møter studenten i utdanningssituasjonen, har ansvar for å gjere løpande vurderingar av om studentar er skikka til yrket dei utdannar deg til.
Tvil om bestått praksis
Oppstår det tvil om du vil nå måla for læringsutbyttet og bestå praksis, og tvilen oppstår før du er halvvegs i praksisperioden, skal du få skriftleg varsel.
Her kan du lese om rutinar ved tvil om praksis er bestått, eller ikkje bestått praksis.
Kvalitet i praksis
For å oppnå høg kvalitet i praksisstudium, er det viktig med godt samarbeid, erfaringsdeling og informasjonsutveksling mellom studentane, praksisfeltet og høgskulen. HVL vil gjerne ha tilbakemeldingar frå studentar om korleis praksistida fungerer. Du kan gje tilbakemeldingar direkte, gjennom studenttillitsvalde, referansegruppemøte eller anonyme evalueringar. Vi har også eit eige varslingssystem, Sei ifrå, der studentar kan melde frå om kritikkverdige forhold og uønska hendingar.
Skade under praksis
Skulle du bli skada under praksis, har du dei same rettane som dei tilsette ved praksisplassen din.
Innlevering av praksisvurdering
Innlevering av praksisvurderingar skjer i hovudsak i det digitale verktøyet WISEflow. Du finn vurderingsskjema på praksissida for den enkelte utdanninga.
Les om om korleis du går fram når du skal levere praksisvurdering.
Informasjon til deg som er praksisrettleiar
Informasjon om fagleg påfyll for deg som er praksisrettleiar for studentar.