Praksis i folkehelsearbeid

I løpet av studiet skal du gjennomføre seks veker rettleia og vurdert praksis.

Tidspunkt for praksisperiodar

Praksis studieåret 2024-2025:

2.studieår:

FHA-P2: Trening og helse, ti dagar veke 40 og 41 hausten 2024.

Praksisarenaer: Beitostølen Helsesportsenter, rehabiliteringssenter,  fengsel og idrettslag.

FHA-P1: Kosthald, ti dagar veke 45 og 46 hausten 2024.

Praksisarenaer: SFO, barnehage, eldresenter, rehabiliteringssenter, nasjonalt folkehelsearbeid og kantiner.

3.studieår:

FHA-P3: Organisasjon og samfunn, 15 dagar veke 10-12 våren 2025.

Eksempel på praksisarenaer: NAV, fylkeskommunar og folkehelsearbeid i kommunen, frivillege organisasjonar og idrettslag.

 

Før praksisstart - emneplanar og retningslinjer

Tildeling av praksisplass

Du vil bli tildelt praksisplass av Høgskulen på Vestlandet, og informert om dette via Canvas. I nokre av praksisperiodene vil du ha moglegheit til å kome med forslag til praksisplass.

Vurdering av praksis og innlevering av vurderingsskjema

Praksisrettleiar skal fylle ut skjema for sluttvurdering:

Skjema for sluttvurdering - bokmål
Skjema for sluttvurdering - nynorsk

Innlevering av skjema for sluttvurdering skal gjerast av studenten i Wiseflow. Les meir om rutinar for praksisvurdering og innlevering av vurderingsskjema ved å klikke her.

Varsel om fare for ikkje bestått praksis:

Dersom det oppstår tvil om du vil nå måla for læringsutbytta og bestå praksis skal praksislærar fylle ut skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis". Dette skal skje så tidleg som mogleg og seinast halvvegs i praksisperioden.

Les meir om varsel og rutinar ved fare for ikkje bestått her.

Ikkje bestått praksis:

Når du får praksis vurdert til ikkje bestått, har du brukt eitt forsøk og heile praksisperioden må takast om att neste gong praksisperioden vert arrangert ordinært. Dette kan få konsekvensar for studieprogresjonen din.

Les meir om rutinar ved ikkje bestått praksis her.

Evaluering etter praksis

Etter praksis sett vi pris på ei evaluering av korleis du har opplevd praksis. Du vil få informasjon om dette i Canvas.

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med praksisadministrasjonen ved FLKI via kontaktskjema

Dette må alle kjenne til: