Praksis i lærarutdanning i praktiske og estetiske fag, trinn 1–13, musikk

Praksis er ein sentral del av lærarutdanninga og i løpet av alle fem studieåra skal du gjennomføre 130 dagar rettleia, vurdert og variert praksis. Denne nettsida inneheld retningslinjene for praksis som studentar, praksisfelt og tilsette ved HVL skal kjenne til.

Er du skuleleiar/praksislærar i grunnskulen? 

På sida til praksisfeltet finn du ytterlegare info. 

Er du skuleleiar/praksislærar i vidaregåande skule?

På sida til praksisfeltet for vidaregåande opplæring finn du ytterlegare info.

Førebuing til praksis

Dette må du gjere før praksis - rammer for praksis

Før praksis må du:

  • Lese informasjonen på denne nettsida.
  • Søke om politiattest snarast mogleg. 
  • Sikre at du er undervisningsmeld og vurderingsmeld i praksisemnet.
  • Delta på obligatoriske praksisførebuande møte. 
  • Ta kontakt med praksislærar i god tid før praksis startar.
  • Lese emneplan for praksis for ditt studieår: 

Musikk:

Du bør også vere kjend med innhaldet i studieprogramplanen. Den viser målsettingane for praksisopplæringa og vidare omfang og modell for organisering av praksis i utdanninga.

Nedanfor finn du i tillegg nasjonale og lokale føringar for praksis:

Tips til korleis vere ein god praksisstudent

Før praksisstart bør du tenke gjennom spørsmåla under og diskutere dei med praksisgruppa

  • Har eg sett meg grundig nok inn i retningslinjer og emneplan?
  • Korleis ser eg meg sjølv i rolla som lærar?
  • Korleis ser eg på ansvaret mitt som teamdeltakar og medkollega?
  • Korleis forheld eg meg til balansen mellom å vere student og kollega/medarbeidar på ein skule?
  • Kva mål har eg sett meg for praksis?
  • Korleis skal eg følgje opp eigne mål?
  • Korleis skal eg ta ansvar for eiga læring i praksis?
  • Korleis kan eg best gjere nytte av rettleiinga?
  • Korleis gir og tek eg tilbakemelding?
  • På kva måte vil eg ta opp kritiske problemstillingar?
  • På kva måte skal eg møte positiv og negativ tilbakemelding?
  • Korleis vil eg møte eventuelle samarbeidsproblem i praksisgruppa?
  • Korleis kan eg bidra til å lage eit godt samarbeidsklima i praksisgruppa

Tips til korleis vere ein god praksisstudent:

  • Møt presis på praksisskulen til alle timar også til dei du ikkje har ansvar for sjølv.
  • Føl opp arbeid og avtalar du har teke på deg. Det er viktig at alle på praksisskulen kan sjå på deg som ein påliteleg kollega.
  • Ver bevisst på rolla di, elevane ser ikkje på deg som student, men som ein vaksen.
  • Rett deg etter reglementet på skulen, set deg også inn i dei uskrivne normene og reglane.
  • Skriv gjerne logg, den kan brukast som grunnlag for rettleiing.
  • Ver aktiv i rettleiingsøktene, også når medstudentar får rettleiing.
  • Søk opp nødvendig informasjon sjølv og ver aktiv sjølv for å få tak i den informasjonen du treng for å kunne gjennomføre god undervisning.

Praksis i LUPE musikk

130 dagar praksis

Førebuing, planlegging gjennomføring og etterarbeid av praksis er obligatorisk. Sjå krav til oppmøte i praksis.

Praksis utgjer 130 heile arbeidsdagar fordelt slik på dei fem studieåra:

  1. studieår: 40 dagar praksis i grunnskule
  2. studieår: 30 dagar praksis i grunnskule og VGS
  3. studieår: 20 dagar praksis i VGS eller grunnskule
  4. studieår: 25 dagar i VGS
  5. studieår: 15 dagar praksis i VGS eller grunnskule

Praksis i kulturskule eller anna opplæring og formidling knytt til fagleg og kulturelt arbeid med barn, unge og vakse kan erstatte deler av praksis i grunnopplæringa 

I praksisstudiane inngår ulike arbeidsformer i tillegg til planlegging og gjennomføring av eigen og andre (medstudentar og praksislærarar) sin undervisning. Døme på andre arbeidsformer kan vere ulike observasjonsoppgåver, gje/motta kollegaveiledning, utforme refleksjonsnotat, halde innlegg/framlegg, delta på foreldremøte og lærar/personalmøte. 

Praksis kan også føregå på enkelte andre dagar/kveldar i samband med planleggingsdagar, foreldremøte, elevsamtalar, foreldresamtalar, aktivitetsdagar og ekskursjonar.

Tildeling og fordeling av praksisplassar

HVL har faste praksisavtalar og praksisadministrasjonen tildeler og fordeler praksisplassar til studentane. I nokre av praksisperiodane vil du ha moglegheit til å kome med forslag til praksisplass.

Reisetid på inntil 1,5 time kvar veg frå bustad til praksisstad vert rekna som normalt. I nokre av praksisperiodane må studentar rekne med å bu på praksisstaden då avstanden er for stor til å pendle. 

Du kan ikkje ha praksis på eigen arbeidsstad eller der du har nære relasjonar til praksislærar eller der eigne barn er elevar.

Retningslinjer for praksis LUPE musikk

Tidspunkt for praksis 2024-2025

LUPE musikk praksis 24-25

3. studieår

For studentar som har valt GLU-emne:

  • Haust 24: 10 dagar praksis på mellom- eller ungdomstrinnet, veke 42-43.
  • Vår 25: 10 dagar praksis på mellom- eller ungdomstrinnet, veke 5-6.

De vil bli samla i ei felles gruppe i praksis. 
Læringsutbytte for praksis finn du i emneplan LUPEMP300.
Øvrige rammer for praksis dette studieåret følgjer retningslinjer for praksis i GLU.

For studentar som har valt musikk-emne:

  • Haust 24: 10 dagar punktpraksis i ungdomsskule. Veke 39 og 40: måndag, torsdag og fredag. Veke 42-43: måndag og torsdag
    Digitalt, førebuande møte 2 veker før praksisstart, info kjem.
  • Vår 25: 10 dagar samanhengande praksis i vidaregående skule. Veke 12 og 13.
    Digitalt, førebuande møte 2 veker før praksisstart, info kjem. 

Meir info kjem seinare. 

 

Vurdering av praksis

Om vurdering og innlevering av vurderingsskjema

Etter avslutta praksisperiode gjev praksislærar studenten ei skriftleg sluttvurdering. Studenten vert vurdert etter karakterskalaen bestått/ikkje bestått. Det er praksislærar og profesjonsrettleiar som i samarbeid fastset karakteren. Praksislærar har ansvar for å involvere høgskulen og rektor i vurderinga dersom det er tvil om studenten har bestått praksis.

Praksislærar informerer studenten om karakteren i ein individuell vurderingssamtale siste dag i praksis. Vurderingsskjema skal signerast av praksislærar og student. Studenten og praksislærar beheld ein kopi kvar.  

Studenten leverer vurderinga digitalt i Wiseflow så snart praksisperioden er avslutta. Les meir om rutinar for praksisvurdering og innlevering av vurderingsskjema ved å klikke her.

Profesjonsrettleiar set karakter i Wiseflow.

Vurderingsskjema musikk

Varsel om fare for ikkje bestått praksis

Dersom det oppstår tvil om du vil nå måla for læringsutbytta og bestå praksis skal praksislærar fylle ut skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis". Dette skal skje så tidleg som mogleg og seinast halvvegs i praksisperioden.

Les meir om varsel og rutinar ved fare for ikkje bestått her.

Ikkje bestått praksis

Når du får praksis vurdert til ikkje bestått, har du brukt eitt forsøk og heile praksisperioden må takast om att neste gong praksisperioden vert arrangert ordinært. Dette kan få konsekvensar for studieprogresjonen din.

Les meir om rutinar ved ikkje bestått praksis her.

Rutinar ved fråvær i praksis

Fråvær

Praksisopplæringa, inkludert praksisførebuing, observasjonsdagar og ulike møte, er obligatorisk.  Alt gyldig  fråvær må takast att for at du skal få oppfylt kravet om 130 dagar praksis. Dette gjeld uansett årsak til fråværet. Sjå informasjon om krav til oppmøte

Praksislærar kan godkjenne fråvær for enkelttimar. Ved behov for fråvær ut over dette, må du bruke skjemaet under. Søknaden skal sendast seinast 3 veker før praksisperioden startar. 

Ved akutte situasjonar kan fråvær bli godkjent på kortare varsel. Meld i frå til praksislærar og bruk skjemaet under for å melde frå om fråværet til HVL. Ved sjukdom inntil tre dagar skal du sende eigenmedling. Er sjukdomsperioden over tre dagar skal du sende sjukemelding. Skjemaet skal sendast inn seinast ein veke etter sjukdommen oppsto. Du kan kun levere eigenmelding ein gong i haustsemesteret og ein gong i vårsemesteret.  

Skjema til bruk ved fråvær

Utsett praksis

Har studenten behov for å utsette praksisdagar til neste studieår, må studenten sende søknad til praksiskoordinator ved HVL om dette. Studenten må legge ved dokumentasjon på årsak til behovet for å utsette praksisdagar. Høgskulen avgjer i kvart enkelt tilfelle kva som er gyldig dokumentasjon og om dette gir rett  på å utsette praksisdagar. Ei utsetting av praksis kan få konsekvensar for studenten sin studieprogresjon.

Ugyldig fråvær

Høgskulen legg ikkje til rette for utsett praksis ved ugyldig fråvær. Ugyldig fråvær er fråvær som ikkje er dokumentert med eigenmelding, legeattest eller innvilga permisjon. Ferie og deltidsjobb er blant anna ikkje godkjent fråværsgrunn. Ugyldig fråvær fører til at praksisperioden blir registrert som avbroten. Avbroten praksis får same konsekvens som ikkje bestått praksis. 

Dersom ein student, på grunn av ugyldig fråvær, får avkorta praksisperioden slik at vedkommande ikkje kan vurderast, fører det til avbroten praksis med same konsekvens som ikkje bestått praksis. Studenten må då gjennomføre ny praksisperiode neste gong denne praksisperioden vert arrangert ordinært. 

Evaluering etter praksis

For å kunne vidareutvikle kvalitet i praksis treng vi at du gir ei tilbakemelding på korleis du har opplevd praksis. Du vil få meir informasjon om dette i Canvas.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med praksisadministrasjonen ved FLKI via kontaktskjema

Dette må alle kjenne til: