Student med papirer i hånda

Sosialt arbeid | Sosionom

Bachelor

Utdanninga innan sosialt arbeid kvalifiserer deg til sosionom. Som sosionom arbeider du med menneske som treng støtte i ein vanskeleg livssituasjon. 

Bergen, Sogndal

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Søknadskode i Samordna opptak

    203080 (Bergen) og 203081 (Sogndal)

    Opptakskrav

    Poenggrense ved forrige opptak

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere sosialt arbeid?

    Ein sosionom møter enkeltmenneske og familiar med ulike sosiale problem. Det kan vere ein familie som treng råd for å få kvardagen til å gå opp, ein innsett i fengsel som skal tilbake til samfunnet, eller ein person som har stått utanfor arbeidslivet lenge. 

    Du kan studere sosialt arbeid ved HVL Bergen eller HVL Sogndal. 

    Som sosionom hjelper du med å finne løysingar som kan betre livskvaliteten, og gje hjelp til sjølvhjelp.

    Sosionomen er også eit viktig bindeledd mellom den enkelte og hjelpetilboda i samfunnet.

    Du må vere interessert i andre menneske og deira historie, like å ta ansvar og vere samfunnsengasjert. Du må også ha gode evner til å kommunisere og samarbeide.

    Praksis

    I løpet av utdanninga møter du brukarar og andre kollegaer innan sosialt arbeid når du er ute i praksis. Praksis utgjer om lag 20 prosent av studiet. Du har praksis både første og siste studieår. Slik er praksisperiodane fordelt:

    • Første studieår: 10 veker i praksis
    • Tredje studieår: 10 veker i praksis

    Minst ein av praksisperiodane dine bør vere innan forvaltning eller saksbehandling.

    Du må ha levert politiattest for å starte i praksisstudiar. Praksisfeltet eller Høgskulen på Vestlandet kan fremje krav om ny politiattest i løpet av utdanninga. Her kan du lese meir om politiattest. 

    Her finn du informasjon om praksis for sosialt arbeid

    Her kan du lese meir om innhenting og fordeling av praksisplassar

    Innhald i studiet

    Gjennom studiet får du kunnskap om

    • hjelpeapparatet
    • jus
    • samfunnsfag
    • psykologi
    • etikk
    • sosiale rettar

    I undervisninga får du varierte læringsformer som førelesing, prosjektarbeid, feltarbeid, ferdigheitstrening og praksis.

    Lurer du på noko om studentlivet? 

    Kvar måndag kan du chatte med ein student mellom kl 11.30-15.00 her på hvl.no. Chatten finn du nederst i høgre hjørnet. 

    Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

    Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

    Les meir

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Utveksling

    Grip sjansen til å oppleve verda mens du studerer! Som student i utlandet får du internasjonal erfaring og møter studentar frå heile verda.

    Du kan reise på utveksling i ditt femte semester.

    Kor kan du reise?

    Vidare studium etter fullført utdanning

    Fullført bachelor i sosialt arbeid gjer deg mange moglegheiter. Du kan gå ut i jobb eller studere vidare. 

     

    Andre utdanningar du kanskje vil like